Håvamåls betydning i dag.
Håvamål.
Det er mange tekstar frå middelalderen som har hatt stor verdi for nasjonalfølelse her i Noreg, men eg trur ikkje det er så mange som tenkjer på det. Blant desse er Håvamål.
Håvamål er eit dikt som vart skreve ned på 1200-tallet av Snorre Strlasson på Island.
Ordet håvamål betyr ”Den høges tale”. I dette tilfellet er det ein tale frå Odin. I denne talen kan me lesa om visdomsord og få gode råd til det vanlege livet.
Samfunnet i dag har forandra seg mykje på dei 900 årene som har gått sidan Håvamål blei skreve. Derfor trur eg diktet har mista ein del av verdien for oss i dag, men det har vore ein av dei aller viktigaste tekstane opp gjennom åra. Men det finnes eksemplar på at me kan bruka nokon av råda den dag i dag. F. eks står det i eit av versa:
”Har du ein venn og trur vel om han, så gjest han ofte, for kratt gror til og gras blir høgt på vegen som ingen går”
Disse visdomsorda tyder at me må ta vare på dei gode vennane du har, for om du ikkje gjer det, og ikkje besøker dei forsvinn dei fort.
Å jobba me wikien var en grei måte å lera seg stoffet på. Det var lett å redigera å legga inn nytt stoff. Noko anna som var positivt var at fleire kunne vera innpå samtidig. Då slapp me at nokon satt å jobba, mens andre ikkje fekk gjort noko. Så er det jo alltid litt spennande med litt variasjon i måten me jobba på.
Det som ikkje var så bra me wikien var at det var litt rotete når me skulle framføra. Det hadde vore lettare med ein powerpointpresentasjon.
1 Kommentarer:
Eg er heilt einig med deg i at wikien ikkje egnar seg så godt i samband med munnleg presentasjon.
Legg inn en kommentar
Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]
<< Startsiden