Mine tankar om nynorsk.
Skal eg vera heilt ærleg så må eg seie at eg ikkje fattar vitsen med nynorsk. Kvifor skal me gidda å lera oss to skriftspråk på norsk når me i tillegg til bokmål skal lera oss engelsk og eit anna språk som i mitt tilfelle er spansk? Dette er meir enn nok. Me treng ikkje absolutt å lera oss enda eit skriftspråk berre for å gjere det. I tillegg til dette er det jo ingen som brukar nynorsk lenger. Det er i ferd med å ble ubrukeleg. Det er jo ikkje vits å lera seg noko du ikkje har bruk for. Og nynorsk er ein av desse tinga.
Eg både trur og håper at nynorsk er på vei ut,og blir mindre og mindre brukt. I allefall blandt ungdom. Og nå er det jo faktisk sånn at ungdommen i dag er framtidas generasjon. Heldigvis trur eg ikkje nynorsk kjem til å bli ein del av denne generasjonen.
1 Kommentarer:
Du har klare meiningar om nynorsk. Det er likevel feil når du skriv at ingen brukar nynorsk. Ca.15% av elevane i grunnskulen har nynorsk som hovudmål, og det blir brukt til dømes i fjernsyn og radio.
Du må prøve å argumentere meir seriøst mot obligatorisk sidemål. Hugs at det då óg gjeld dei som har bokmål som sidemål. Prøv å finne gode argument mot at sidemålet skla vere obligatorisk. Då må du setje deg inn kva argument som blir brukt for t det skal vere obligatorisk. Slike argument finn du til dømes på nettsidene til Noregs Mållag. Ved å imøtegå argumenta for, kan du byggje op ein slagkraftig argumentasjon mot.
Legg inn en kommentar
Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]
<< Startsiden